Her er dagens fire fine ting;
1) Finaste jenta som deltek i sykkel-"ritt" (usikker på om ein kan kalle det ritt når ein blir skubba av andre ;)??, med god og kyndig søskenbarn-hjelp :). "Josa dykle" (rosa sykkelen) er nok ein av dei tinga som dattera mi ville ha klassifiert som "fine ting"!
2) Med fare for å virke litt "rosa" sjølv; ein eigenkomponert smoothie - i vinglas! Fann ut at dagen trengte litt meir "glam" - og eit vinglass måtte til :)! Det smaker forøvrig veldig godt med smoothie av jordbær, banan og fersken, og lettyoughurt! Sunt er det også, i desse pre-bikini-tider...;)
3) Ok, eg ER kanskje ein smule rosa-inspierert for tida...! Men til mitt forsvar er dette berre gjenbruks-ting; ei osteklokke med ein hekleduk kjøpt på loppemarked, lite stettfat frå samme type arrangement, og ei "arva" blomsterpotte". Det faktum at orkideen no blomstrar for andre gong (at det er den første som har overlevd lenge nok til dèt hos oss), må vel kunne gjelde som gjenbruk det også.. :)?? (Lyset kom og skapte litt foto-problem, men ein kan vel eigentleg ikkje klage over sola ?? :))
4) Ein i høgste grad fin film. Hadde ikkje temaet (rase-skillet i USA på 60-tallet) vore så alvorleg, skulle eg ha skreve fin-fin. Men den handlar om så mykje meir; vennskap, forandringer, barn...ein film som er rørande, morsom, fin og litt trist også. Anbefalast, om du ikkje alt har sett den.
Hi my name is Monika, I live in Australia. I just came across your blog today, I like your first picture with the bike, so sweet! I watched The Help recently and I loved it.
SvarSlett