søndag 1. juli 2012

Gøy på landet!

Då har helga vore uvanleg artig! Eller, ikkje at det er så uvanleg at det er kjekt i helgene, MEN det er uvanleg at vi går ut i helgene! Det er ikkje ofte eg og min kjære spør om barnevakt og går ut SAMAN, men denne helga var det festival, nærmare bestemt

BRØVØLL-festival!
Eigentleg trur eg det heile kom igang som ein morsom venne-fest, men no har det altså utarta seg til eit 2-dagers arrangement som ei heil lita bygd står saman om. Eit flott bevis på at "less is more"!

Liker godt fokuset dei har på kortreist og lokalt, som for eksempel øl frå Liabygda;


"Fantevatn" må vel dessutan vere eit treffande navn på ei øl, eller ;)??
Ekstra varm om hjartet må ein jo bli når dei i tillegg brukar nynorsk..<3 ;).

Ellers fekk ein kjøpt KUBAB (ku-kebab!) der...ved hjelp av eit sinnrikt bong-system....


Kort sagt; ein festival som anbefalast!

At Sigrid Bonde Tusvik var blant underhaldarane, trakk heller ikkje ned...!


Men no lar eg andre få syte for stemninga...med;



Korleis har DI helg vore??


torsdag 28. juni 2012

Her er dagens fire fine ting;

1) Finaste jenta som deltek i sykkel-"ritt" (usikker på om ein kan kalle det ritt når ein blir skubba av andre ;)??, med god og kyndig søskenbarn-hjelp :). "Josa dykle" (rosa sykkelen) er nok ein av dei tinga som dattera mi ville ha klassifiert som "fine ting"!



2) Med fare for å virke litt "rosa" sjølv; ein eigenkomponert smoothie - i vinglas! Fann ut at dagen trengte litt meir "glam" - og eit vinglass måtte til :)! Det smaker forøvrig veldig godt med smoothie av jordbær, banan og fersken, og lettyoughurt! Sunt er det også, i desse pre-bikini-tider...;)





3) Ok, eg ER kanskje ein smule rosa-inspierert for tida...! Men til mitt forsvar er dette berre gjenbruks-ting;  ei osteklokke med ein hekleduk kjøpt på loppemarked, lite stettfat frå samme type arrangement, og ei "arva" blomsterpotte". Det faktum at orkideen no blomstrar for andre gong (at det er den første som har overlevd lenge nok til dèt hos oss), må vel kunne gjelde som gjenbruk det også.. :)?? (Lyset kom og skapte litt foto-problem, men ein kan vel eigentleg ikkje klage over sola ?? :))

4) Ein i høgste grad fin film. Hadde ikkje temaet (rase-skillet i USA på 60-tallet) vore så alvorleg, skulle eg ha skreve fin-fin. Men den handlar om så mykje meir; vennskap, forandringer, barn...ein film som er rørande, morsom, fin og litt trist også. Anbefalast, om du ikkje alt har sett den.





Hei !

Hei, du potensielle blogg-lesar!

Dette er første innlegget i bloggen min. - Men kva vil den handle om, spør så kanskje du? Jo, den skal handle om det fine i kvardagen - rett og slett!

Ein rosa-blogger? - Nei, det er eg IKKJE, og vil nok ikkje bli det heller.. Men, eg kan skrive om det EG synes er fint som forskjønner livet . Ikkje for å forherlege fasaden, men for å halde fast på det som er godt og gir glede i kvardagen. Er ikkje dèt viktig da, kanskje spesielt på ein regntung mandag??
No èr det riktignok ikkje mandag i dag. Men som vi vel alle veit; det kan vere nok av slike dagar, sjølv om dei skulle heite både tirsdag, onsdag, laurdag eller fridag... Og då er det godt å halde fast på det fine!

Litt av formålet med denne blogger er altså å dvele ved det gode - få dele det, og forhåpentlegvis spre litt glede :)!

I tillegg vil eg skrive om det litt meir alvorlege som opptar meg. Eg er utdanna innanfor helsevesenet, og heile paletten frå sjukdom til helse, og menneska som ligg som fargeklatter ein stad derimellom, fasinerer meg stort! Og sidan eg har vore på "begge sider av bordet", med erfaring både som profesjonell pasient og helsearbeidar - så synes eg då at eg kan uttale meg litt om dette :).

Ellers er eg ein stooor fan av GJENBRUK!, både når det gjeld klær, interiør og mat (!), og kjem nok til å bruke denne bloggen til å "propagandere" for dette! (Men nei, eg blir ikkje sponsa av Miljødepartementet.. enno ;) ).

Så får vi sjå kva som skjer, og korleis dagane blir... :).

I alle fall er det sikkert at eg vil bli glad heilt inni hjartet om du legg igjen ein kommentar :)!